-
Adolf Hitler blir fødd
Hitler blir fødd i Braunau am Inn i Austerrike. -
Period: to
Hitler i Wien
Etter at Hitler ikkje kom inn på nokon skule i Wien bestemte han seg likevel for å flytte dit. Der levde han som fattig og brukte mykje av tida si på gata. Tida i Wien påvirka også Hitler til å utvikle sine radikale meiningar. -
Period: to
Hitler i München
I 1912 flytta Hitler til München. Hitler levde på gata også i München heilt til han blei soldat i byrjinga av 1. verdskrig. -
Period: to
Soldat under 1. verdskrig
Hitler melder seg som frivillig soldat tidleg i krigen, og forblir det heilt til krigens slutt i 1918. Hitler var ein modig soldat under krigen, og han blei tildelt 2 jernkors. Når Tyskland kapitulerte og endte 1. verdskrig var Hitler på sjukehus. Når han fekk beskjed om at krigen var over blei han rasande. -
Hitler i nazipartiet
Etter 1. verdskrig fekk Hitler jobb som politisk spion. Eit av partia han spionerte på var DAP ( Deutsche Arbeiterpartei). Etterkvart blei Hitler sjølv medlem av dette partiet. Han var ein god talar, og etterkvart blei han leidar av DAP. Med den nye stillinga ga partiet eit nytt namn NSDAP (Nationalsozialistische Deutsche Arbeiterpartei), eller nazipartiet. -
Ølkjellarkuppet
- november storma Hitler og hans følgjarar ein ølkjellar i München. Hitler begynte å tale og erklærte revolusjon mot regjerninga. Hitler med sine allierte begynte ein marsj mot regjeringskvartalet i München, men dei blei stoppa av politiet som begynte å skyte. Hitler sjølv blei ikkje skada, men han rømte frå staden. Han blei arrestert få dagar seinare.
- november storma Hitler og hans følgjarar ein ølkjellar i München. Hitler begynte å tale og erklærte revolusjon mot regjerninga. Hitler med sine allierte begynte ein marsj mot regjeringskvartalet i München, men dei blei stoppa av politiet som begynte å skyte. Hitler sjølv blei ikkje skada, men han rømte frå staden. Han blei arrestert få dagar seinare.
-
Hitler i fengsel
Etter at ølkjellarkuppet feila blei Hitler stilt for forræderi. Han fekk eigntleg ein straff på 5 år, men han sona berre eit par månedar. På denne tida skreiv Hitler "Mein Kampf", og blei ein populær mann over heile Tyskland. -
Period: to
Hitler kjem til makta
Hitler fortsatte å reise rundt i Tyskland å tala for nazipartiet. Den økonomiske krisa i Tyskland førte til at mange blei høgreradikale, noko som var kjempebra for Hitler. Nazipartiet blei større og større, og fekk meir makt for kvart val. Hitler blei også på denne tida kjent med Eva Braun som seinare blei kona til Hitler. i 1933 blei Hitler rikskanslar i Tyskland, noko som betydde at han fekk full makt. -
Kjæresten til Hitler døyr
Angelika «Geli» Maria Raubal var kjærasten og niesa til Hitler. Hitler var steng mot Angelika, og regjerte over henne med jernhand. 18. september blei Angelika funne død i Hitlers leilighet. Grunnen skal ha vore sjølvmord, men det er godt mogleg at dette ikkje stemmer. Uansett haldt dette på å bli ei PR-skandale for Hitler ettersom at mange rykter blei spreia. -
Period: to
Hitler som diktator
Nå som Hitler hadde makta i Tyskland tok han med ein gong grep. Han begynte å ruste opp igjen hæren, sjølv om det strida imot Versaillestraktaten. Han bygger også nye motorvegar over heile Tyskland, noko folk vart svært begeistra over. Den økonomiske krisa i Tyskland blei etterkvart over, og folk fekk betre levekår. Men ikkje alt blei betre. Når Hitler fekk makta begynte han jødeforfølgelsen, og krystallnatta i november 1938 førte til at ca. 20 tusen jødar vart sendt til konsentrasjonsleirar. -
Period: to
Hitler under 2. verdskrig
Etterkvart blei det meir og meir tydleg at Hitler hadde store ambisjonar, og etter at han hadde okkupert Sudetenland og Austerrike retta han nå fokuset mot Polen. Når invasjonen av Polen begynte braut 2. verdskrig ut. Krigen begyner bra for Tyskland, og Hitler verker ustoppeleg. Men etterkvart går krigen dårlegare, og Hitler blir frustrert. I desember 1941 tar Hitler kommandoen over hæren. Helsa til Hitler blir også dårlegare utover krigen, og mot slutten er han ein gamal mann. -
Hitler dør
Etter sin siste offentlege opptreden 20. april 1945 tilbringer Hitler sine siste dager med Eva Braun i førerbunkersen i Berlin. Helsa til Hitler var utruleg dårleg, og når han ser at krigen er tapt bestemmer han seg for å ta livet sitt. 30. april klokka halv 4 tar Hitler livet sitt saman med Eva Braun.